Tjen folket : Baskerland Artikler fra Tjen folket http://tjen-folket.no FN-uro over framstøyt på spansk forbod mot valliste Spanske styresmakter forbaud først ei valliste som det vart påstått at det baskiske partiet Batasuna skal gøyma seg bak. Lista det dreier seg om har namnet ”Iniciativa Internacionalista – La Solidaridad entre los Pueblos” (”Internasjonalt initiativ – solidaritet mellom nasjonane). Grunnen til forbodet var at to listekandidatar har delteke på ein turné med tidlegare Batasuna-sjef Arnaldo Otegi. Grunnlovsdomstolen opphevde likevel forbodet i førre veke, men Høgkommisæren for menneskerettar i FN har ”uroa seg” over endringane som er gjort i det spanske lovverket som har som formål å gjera det mogeleg å forby parti i å stilla til val.

]]>
Thu, 04 Jun 2009 01:45:00 +0000 http://www.tjen-folket.no/start/10696.html
Baskiske politikarar internert under valkampen Sidan 26.januar har spanske styresmakter internert åtte baskiske kandidatar. «Brotsverket» er at dei stillar til val på ei basisk liste før valet til regionalregjeringa i Baskarland 1.mars. Under pålegg frå spanske domstolar ved dommaren Baltazar Garzón, troppa tre hundre politifolk opp for å gjennomføra arrestasjonar og husundersøkingar midt oppi den baskiske valkampen den 26.januar. Då vart dei åtte kandidatane arrestert, og sit no internert i fengelset Soto de Real i Madrid.

I den baskiske avisa Gara vart interneringa kommentert slik av journalisten Iñaki Iriondo: «Når personer avgjer at dei vil stå på liste rundt den venstreorienterte sjølvstenderørsla for eit fritt Baskarland, meiner Baltazar Garzón at dei står under direkte kommando av ETA. Det finst ikkje noko prov på at det finst slike pålegg eller at slike pålegg blir fulgt.»

Lista D3M, som kandidatane representerer, vart danna i byrjinga av januar i år, kjempar for demokratiske levekår for dei tre millionane som bur i Baskarland. Men at folk kjempar for dette gjennom parlamentariske organ er altså ikkje godteke av spanske styresmakter.

]]>
Mon, 02 Feb 2009 19:25:00 +0000 http://www.tjen-folket.no/start/10580.html