Arbeidarrevolusjon i Venezuela?
Dei progressive og antiimperialistiske kreftene er på frammarsj i mange land i Latin-Amerika. USA klarer ikkje lenger på same vis å halda kontroll i bakgarden sin som før. Det som skjer i Latin-Amerika er kan henda den største utfordringa for den amerikanske imperialismen pr i dag, til og med større enn bråk i Midt-Austen. Det er vanskelegare for USA å gripa inn militært for å attoppretta «ro og orden» i Latin-Amerika og å styrta Chavez, Morales og dei andre progressive folkevalde statsleiarane. Ikkje finst det militære krefter til det i augneblinken heller, og å finna eit legitimt påskot til det er også vanskeleg. I tillegg er dei avhengige av den venezuelanske olja.
Samstundes er det for kommunistar viktig å hugsa at det ikkje er nokon arbeidarrevolusjon som føregår i Latin-Amerika i dag, Chavez?? prat om «ein sosialisme for det 21.hundreåret» er med på å løfta opp att sosialismen som eit reelt alternativ for store delar av folk i verda. Det kan vera bra for kampen mot vulgærantikommunismen, som også tydelegvis har slege hardt inn i mange miljø til venstre for SV. Men det er ikkje kommunistparti som er i leiinga for endringane, så den sosiale revolusjonen ventar enno for folka i Latin-Amerika, jamvel om både Chavez og Morales og andre statsleiarar i Latin-Amerika har gått i spissen for ein del progressive reformar. Ja, kanskje er det ikkje arbeidarklassen som går i spissen ein gong. Og «sosialismen for det 21.hundreåret» er diverre meir inspirert av statskapitalismen i Jugoslavia enn det som godt er. Dette var ein modell som vart forkasta av dei fleste utanfor Jugoslavia allereie lenge før oppløysinga av landet.
Chavez må undertrykka dei tidlegare herskarane for at han skal få gjennom det han og støttespelarane hans ynskjer, med tanke på at politikken hans er såvidt gjennomgripande. For imperialistane vil heile tida freista slå attende framstøytane i Venezuela på å gjera styresettet meir humant for breie lag av folket. Om dei knusar dei imperialistiske kreftene i Venezuela, vil det stå klar slike krefter i utlandet, krefter som er klare til å gjera det same. Ein historisk parallell til dette, var når sju kapitalistiske land åtaka Russland rett etter at den fyrste verdskrigen var over for å velta den nye sovjetmakta. Heldigvis for folka i verda var det den nye sovjetmakta som gjekk sigrande ut av denne kampen.
Men Hugo Chavez går i spissen for kampen mot imperialismen og for nasjonal frigjering, ikkje i spissen for kampen for ein sosial revolusjon. Gjer ein det første, men ikkje det andre, sit ein til slutt att med eit nasjonalt borgarskap som kan henda overlever kampen mot imperialismen, men som ikkje vil gje frå seg den sosiale basisen utan sverdslag.
Chavez byggjer også på ei oppfatning om at det revisjonistiske, statskapitalistiske og sosialfascistiske Sovjetunionen i lag med andre land i Warszawapakta var sosialistiske heilt til Berlinmuren fall i 1989.
Så eit par viktige fakta om Venezuela pr i dag:
- det er ikkje forbode med utanlandske investeringar;
- arbeidarklassen har ikkje statsmakta;
- det er ingen planøkonomi.
Venezuela i dag minner meir om dei vestlege landa under dei nasjonalborgarlege revolusjonane som kom i kjømda av Den franske revolusjonen. Då fungerte borgarskapet progressivt og ynskte nasjonal kontroll over naturressursane (jamfør berre med det norske borgarskapet si rolle i kampen om vasskrafta her i landet på byrjinga av 1900-talet, då heimfallsretten vart sikra!) og inga innblanding frå utanlandske makter.
Hugo Chavez er i dag ein av dei viktigaste progressive leiarane i verda, kan henda den viktigaste, men han tuftar kampen sin på nasjonalt sjølvstende og råderett over oljeressursane. Å framstilla han og ideologien hans som ein erstatning for marxismen-leninismen er etter vårt syn heilt feil, då berre sistnemnde kan føra til arbeidarklassen si eiga frigjering. Og kan henda er det denne tenkjinga som blir Chavez’ viktigaste fiende innetter i Venezuela framover? Det er lov å vona.
Arbeidarklassen og dei undertrykte i verda har berre eit vis å fjerna undertrykkinga, og det er å fjerna utbytarklassen frå makta og å hindra dei å vinna henne att! Det er dette som er proletariatet sitt demokratiske diktatur.
Tjen folket
26.02.2008