Kven er pervers og reaksjonær?
Torstein Dahle, partileiar i Raudt, har offentleg kalla oss både perverse og reaksjonære. Men no har Raudt vore på internasjonalt seminar med minst like reaksjonære krefter.
PTB/PvdA i Belgia har i ei årrekke skipa til internasjonale seminarar med parti som kallar seg kommunistiske. AKP var med på desse seminara i si levetid. Men Raudt, som altså har ein partileiar som meiner Ten folket har eit perverst og reaksjonært syn på kva politikk og organisering venstresida treng i dag, er altså på seminar kor ein fattar resolusjonar med desse formuleringane:
«The victory of the counterrevolution in the socialist countries in Eastern Europe and the Soviet Union has provoked the unlimited aggressiveness of the capitalists and the bourgeois governments, as they don’t have to fear for «contagion» any longer. This has resulted in a general onslaught on social achievements and on trade union and democratic rights, and in the degradation of statutes, working and living conditions in the whole world."
Men talsperson i Ten folket, Henrik Ormåsen, skal likevel bli ekskludert sidan han offentleg har sagt noko som kan tolkast som at sosialismen tok slutt i Sovjetunionen i tidbolken mellom 1953 og 1956.
Vidare har Raudt også vore på seminar kor denne formuleringa er vedteke utan atterhald (så vidt ein kan sjå frå dokumenta som er lagt ut på vevsida til seminaret):
«In the socialist countries, the trade unions are essential for the building of socialism, not only because they serve to transmit the Party’s orientation to the entire masses, but also because they must likewise serve to transmit the sentiments, concerns and initiatives of the entire masses to the Party. The communist parties present give their full support to the emancipating work they undertake, thus contributing to the preservation and strengthening of the socialist nature of the system.»
Me i Ten folket er usikre på kva sosialistiske land det er snakk om her, men bed Raudt om ei oppklåring.
Seminaret vedtok elles også ein bra resolusjon om antikommunisme. I denne resolusjonen heiter det mellom anna:
«Rough anti-communist propaganda makes references to the so called ‘Stalinist period’ – the period when the basis of the socialist construction was created, under conditions of a siege, internal undermining and sabotage, attempting to narrow and to defeat the struggle for the establishing of the power of the workers. It legalizes contra-revolution and throws various slanders on the revolution.»
Me minnar att ein gong om at Henrik Ormåsen, vår talsperson, er føreslege ekskludert av Raudt for å meina det same som partiet sjølv no har delteke på ein konferanse kor ei av fråsegnene er omtrent likelydande med kva me meiner.
Seminaret vart elles også gjesta av ei rad parti og organisasjonar me marxist-leninistar i Noreg reknar som djupt revisjonistiske. Fleire av deltakarane på seminaret, som skreiv under på same erklæringane som Raudt, hevdar at Sovjetunionen og dei andre Warszawapakt-landa var sosialistiske til regimeendringane i 1989-91. Som me påviser over gjekk også ei av fråsegnene frå seminaret ut på dette.
Ganske fiffig – meiner Raudt at det var sosialistiske land som invaderte Tsjekkoslovakia i 1968 og Afghanistan i 1979?
Tjen folket
22.05.2008
