Gå til meny

Stoltenberg ikkje berre ein miljøskurk – han er krigsforbrytar

Media kan melda om at Raud Ungdom blir kritisert av valdsforskar Ragnhild Bjørnebekk og statsvitar Torbjørn Knutsen for kampanjen sin «Treff en miljøskurk». Men Jens Stoltenberg er ikkje berre ein miljøskurk.

Det er mogeleg at «[h]øyaggressive bilder kan føre til høyaggressiv oppførsel, spesielt for personer som er ustabile.» slik Bjørnebekk seier til NRK. Men RUs kampanje er langt frå aggressiv, det er ein pen og pynteleg kampanje som like godt kunne ha vorte gjennomført av SU. Kvifor protesterer ikkje Bjørnebekk og Knutsen heller mot at Noreg deltek i krig i Afghanistan? Dét er verkeleg agressiv oppførsel som sender tydelege signal inn i det norske samfunnet. Kva kjem til å skje etter kvart som dei norske soldatane kjem attende til Noreg, etter å ha levd i eit agressivt og valdeleg miljø i mange månader. Kor mange av dei kjem til å ha problem med å leggja bak seg desse opplevingane?

For Jens Stoltenberg er – i likskap med store delar av Stortinget – ein krigsforbrytar. Den norske staten bistår USAs okkupasjon av Afghanistan. Indirekte hjelper den også USA med okkupasjonen av Irak. Okkupasjonen av Afghanistan bygde på eit lygnaktig grunnlag. USA hevdar invasjonane i Afghanistan og Irak var krig mot terror. Men i etttertid er det klart for stadig fleire at målet var meir olje og makt for USA, ikkje fred og fridom for folk i Midtausten. I staden gjev me vår støtte til dei som kjempar mot krigsmakta i Midtausten og som ikkje vil ha noko samarbeid med USA og resten av den vestlege imperialismen.

Forskarane krevjer kampanjen stogga. Men krigsforbrytarane i det norske Stortinget kan gå offentleg på gata kvar dag utan at nokon straffar dei….

Tjen folket

25.09.2008

© 2011   Tjen folket – kommunistisk forbund