LO går såvidt for veto mot tenestedirektivet
Sekretariatet i LO har gjort ei avgjerd i å oppmoda regjeringa om å nytta reservasjonsretten mot EUs framlegg til tenestedirektiv. For arbeidarrørsla er det vesentleg i denne saka at LO hamnar på same standpunktet som fleire store forbund har gjort.
Tidlegare har sju av forbundsleiarane i LO-sekretariatet vedteke at LO må krevja at regjeringa legg ned veto. Dei har 544.000 av LOs 850.000 medlemer i ryggen.
Me har tidlegare argumentert kvifor det er viktig at Noreg seier opp EØS-avtalen . Dette ordskiftet vonar me bli aktualisert når det endeleg er avgjort kva regjeringa vel å gjera i saka om tenestedirektivet. Vårt standpunkt er klart: dei to nei-partia SV og SP kan ikkje halda fram i regjering dersom dei skal halda på truverdet om det ikkje blir lagt ned veto mot tenestedirektivet.
Det går opp for fleire og fleire at regjeringa fører ein politikk som er fiendtleg for folk flest. Skal regjeringspartia ha truverde att til neste års valkamp, må dei høyra på fagrørsla og veljarane sine og nytta reservasjonsretten mot EUs framlegg til tenestedirektiv.
Tjen folket
13.10.2008