Gå til meny

1.mai 2009 Marokko

1.mai verda rundt

Tjen folket rapporterer litt frå korleis 1.mai har arta seg i andre land.

Marokko: Banneret over har påskrifta «Arbeidarar i Marokko og allierte av arbeidarklassen – samein dykk».

Frankrike: Hundretusenar demonstrerte mot regjeringa over heile landet. I Paris åleine deltok 160.000 menneske. Dei demonstrerte først og fremst mot prisauka og auka i arbeidsløysa, som no er på 2,5 millionar. For første gongen sidan 1.verdskrigen hadde alle dei åtte store fagforbunda i landet funne saman.

Sverige: I Gøteborg gjekk heile 1250 menneske i Röd Front-tog. Sjå video her. Röd Front blir skipa til kvart år med Kommunistiska Partiet tredve stader over heile landet.

Litauen: Her vart 1.mai-demonstrasjonar erklært ulovleg av den svært høgrevridde regjeringa, offisielt grunngjeve med at ein frykta «skader på nasjonal kulturarv». Trass i forbodet, har lokale media 2.mai skrive om lokale demonstrasjonar.

Mexico: Her vart også demonstrasjonane avlyst, men årsaka er her utbrotet av svineinfluensa.

Tyrkia: Etter at 1.mai-demonstrasjonar har vore forbode kvart år sidan 1977 og politimassakren på Taksim-plassen i Istanbul, kor mellom 34 og 42 menneske vart drepne av fascistiske politistyrker, opna styresmaktene i landet for at det igjen skulle bli lov å demonstrera frå dette året. Men politiet freista forhindra demonstrasjonen med vasskanonar, utan at det lukkast. Demonstrantane ropte slagord som «Hand i hand mot fascismen», «Lenge leve 1.mai» og «Lenge leve revolusjonen og sosialismen».

Hellas: I 77 byar rundt i landet var det demonstrasjonar, først og fremst i Aten, Thessaloniki og Patra. I Aten brukte buss- og trikkesjåførar dagen til politisk streik. Samstundes starta hamnearbeidarane også ein 24-timarsstreik. Demonstrantane synte motstand mot prisauka på matvarer, mot monopoliseringa i daglegvarebransjen og mot forhøginga av pensjonsalderen. Ungdommen hadde som si hovudsak kravet om gratis utdanning.

Russland: 350.000 menneske demonstrerte over heile landet. Både i Moskva og St.Petersburg vart fleire titals aktivistar arresterte. Bileta syner arrestasjonen av ein av desse og sitt ned-aksjonen som aktivistar frå gruppa «Venstrefront» organiserte i Moskva i protest mot arrestasjonen av fire av sine kameratar.

1.mai 2009 Moskva I
1.mai 2009 Moskva II
1.mai 2009 Moskva III
1.mai 2009 Moskva IV

Austerrike: 100.000 menneske demonstrerte i Wien åleine.

Filippinane: I hovudstaden Manila marsjerte over 30.000 menneske mot den amerikanske ambassaden. Dei ynskte å protestera mot framstøytane til USA om å æva innflytnad over landet og regionen. Samstundes krevde dei også den USA-venlege presidenten Gloria Arroyo sin avgang. Slagordet for denne store demonstrasjonen var «Isulong ang sosyalismo!» («Fram mot sosialismen!»)

1.mai 2009 Manila

Tjen folket

| 1.mai | Utland |

03.05.2009

© 2011   Tjen folket – kommunistisk forbund