Gå til meny

Bermuda

Å administrera kapitalen er ikkje lett

«Skatteparadisene må bekjempes, ikke hylles» heitte ein artikkel av finansminister Kristin Halvorsen i juni. Men no sit Kristin som eigar av eit selskap som har fødd ein unge registrert i Bermuda.

Telenor er delprivatisert, men staten sit framleis som største eigar med 54 % av aksjene. Striden mellom Telenor og den russiske telegiganten Altimo har fått mykje merksemd, men no er konflikta løyst gjennom eit fornuftsekteskap kor dei går saman om sine interesser i dei mindre selskapa VimpelCom og Kyivstar. Og kor er det nye selskapet registrert? Nettopp, i skatteparadiset Bermuda.

Det amerikanske finanstidsskriftet Forbes rangerer Bermuda som verdas fjerde gunstigste skatteparadis. Dette er nok eit prov på at det norske styresmakter seier om etikk, det vél statseigde selskap å gje blanke i så lenge dei tener pengar.

Og på toppen er det Kristin som sit og administrerer…

Tjen folket

06.10.2009

© 2011   Tjen folket – kommunistisk forbund