Tale til landsmøtet i Raudt
Mao skreiv i 1955 i Det sosialistiske oppsvinget på landsbygda:
«Noen mennesker går for å være kommunister, men viser knapt noen interesse for de sosialistiske oppgavene vi må løse nå».
Dette burde vere eit bra motto for Rødts landsmøte i Oslo 28. – 30. mai. Det gjev neppe høge odds at partiet her vil gå nye skritt for å etterape sosialdemokratiet. Ein del revolusjonær retorikk vil nok henge igjen i hjørna, men den revolusjonære politikken er død.
Den sosialdemokratiske politikken har i fleire år prega partiet.
Her er eit par døme:
- I skattepolitikken: Raudt vil først betale skatt ved 200.000 kroner, medan Raud Ungdom vil at grensa skal gå ved 100.000 kroner. Dei vil at folk skal kjenne tilkytting til SAMFUNNET. Ikkje berre er det ei motseiing innad i rørsla, men dei legg seg langflate for den sosialdemokratiske tenkemåten.
- Politiet er ein del av statens maktapparat. Sjølv om dei klagar på ressursmangel, veit vi at dei ofte opptrer mannsterke. Det er mykje messing å sjå ved saker som «ulovleg» husokkupasjon, arrestasjon av asylsøkarar eller «ulovleg» tagging. Altså handlar det om prioritering. Rødt har den siste tida blitt alvorleg bekymra, utan eit ord om politiet si rolle i eit klassesamfunn.
Kanskje difor dei leverte ei lang liste over TF/RKU-medlemer til politiet i Stavanger etter ein taggeaksjon i byen?
Dette er to døme i ei lang rekke.
Så lykke til med landsmøtet.
Måtte det føre til ein oppsving for Ten folket når folk byrjar å vakne.
Tjen folket
28.05.2010