Det moderne EU-slaveriet
Bankar og finansinstitusjonar går fri, medan vi får dramatiske kutt i lønningar, pensjonar og sosialstøtte for vanlege folk.
At det i tillegg eksisterer slaveri innafor EU er vel nytt for mange. Vi i vesten slår oss på brystet over at slaveriet blei avvikla for 150 år sidan, og vesten likar å framstille seg som den fremste forkjemparen for menneskerettane.
Her er ein rapport som fortel ei litt anna historie.
Danmarks Radio nemner rapporten her, og ein kan høyre eit innslag her.
Og ikkje minst at borgarskapet er truga til litt av kvart for å halda oppe profitten sin. Ikkje skyr dei nokre middel heller. Som øvste ansvarlege for rapporten seier: Dette handlar ikkje om folk som arbeider svart eller folk som er underbetalde – men regelrett slaveri.
Tjen folket
16.06.2010