Gå til meny

Slik kan Hardangerfjorden bli om regjeringa får vilja si.

Nok eit SVik frå SV

2. juli gjekk regjeringa inn for å byggja ei nitti kilometer lang kraftline tvers gjennom Hardanger.

Mastene vil bli 45 meter høge og heile kraftgata kjem til å bli 40 meter brei.

Mange i Hardanger røysta SV ved sist val. Grunnen var at dei vona partiet kunne stå opp mot dei ynskjer kraftubyggjing tvers gjennom eit verdifullt naturlandskap.

Aksjonistane i Bevar Hardanger presiserer at dei ikkje er i mot kraftutbyggjing, men at det finst fullgode alternativ til å byggja kraftlinene tvers gjennom det unike landskapet i Hardanger.

- Mest av alt er eg frustrert over SVs oppførsel. Mange her er forbanna og frustrerte sidan dei røysta SV ved sist val med ei von om at det kunne stogga kraftlinene, seier ei jente frå Norheimsund til Til kamp.

Ho meiner regjeringa overkøyrer dei som bur i områda som blir råka av utbyggjinga.

- I tillegg verkar det som om dei ikkje har teke ålvorleg at vêret i Hardanger kan vera hardt når dei skal byggjå så høge master i dette området, legg ho til.

Det finst alternativ

Aksjonistane presiserer at det finst alternativ, og at utbyggjinga gjennom naturlandskapet ikkje er naudsynt. Dei meiner at kraftgata er ein billeg snarveg. Det er mogeleg å leggja kraftlina på eit vis som gjer at ikkje naturen blir skadd korkje fysisk eller estetisk.

Jord- og sjøkabel, kor linene blir gravd ned og leggjast under fjorden, blir trukke fram som betre løysingar. For utgreiingane Norges Vassdrags- og Energiverk har gjort, er ikkje gode nok. Dei har ikkje teke med dette i utgreiingane sine, og difor var det ikkje mange alternativ som vart lagt på bordet då avgjerdene skulle fattast.

Og det er heller ikkje vanlege folk som sparar pengar på at kraftlina skal byggjast på billegast mogeleg vis. Straumen skal nemleg gå til oljeindustrien, ikkje til vanlege folk. Då blir spørsmålet: Skal naturen i Hardanger øydeleggjast for at oljeindustrien skal spara pengar?

Regjeringa meiner ja, folket i Hardanger meiner nei. Me står – som vanleg – på folket si side.

Tjen folket

12.07.2010

© 2011   Tjen folket – kommunistisk forbund