Gå til meny

Hysj-tenesta finst framleis i Noreg. Vi krev innsyn i kva dei driv med.

Ikkje ei krone til PST

Så har vi fått ei såkalla terrorsak i fanget. Nokre muslimske menn har vore på apoteket og handla eit stoff som man kan lage bomber av, og dimed er statsapparatet på plass.

For PST er det sjølvsagt nyttig å få ei sak som kan legitimere verksemda deira. Rolla deira er som kjend klassestaten sin øvste og mest hemmelege beskyttar.

Men av og til stikk dei hovudet fram for at vi skal sjå kor flinke dei er. Men vi har for lite midlar for å hindre terror i Norge. Hensikta er å få nordmenn til å frykte muslimar meir enn noko anna på jord.

Vi må hugse at norske soldatar deltar i krig på framand jord i Afganistan, og difor er det nyttig at folk flest trur at muslimar er potensielle terroristar. Vi skal ikkje sjå på dei som menneske, men forstå at NATO «må gjøre noe».

Og var det tilfeldig at denne saka kom rett etter at fire norske soldatar mista livet i okkupasjonskrigen i Afganistan?

«Vesten» versus «Islam» er overbygginga. Basisen er USA-imperialismen sin kamp for å skaffa tilgang til resten av olja på planeten.

Auka middel til PST er for lengst lansert.

Først ute er Per Sandberg (han støttar sjølv NATOs terror i Afganistan), og han får nok snart følge av fleire.

Vårt krav må vere klart: Ikkje i krone meir til PST. Og folk må få fullt innsyn i kva dei driv med innan vi får lagt ned denne undertrykkingsinstansen.

Tjen folket

14.07.2010

© 2011   Tjen folket – kommunistisk forbund