Gå til meny

Nav gir mennesker muligheter. Eller gjør de det?

NAV les ikkje vanlege brev

At NAV ikkje gjer jobben sin er vel alment kjent. Dei fleste som har hatt kontakt med denne etaten kan sikkert skrive under på det.

Men NAV Hordaland tar nok kaka. Dei opnar ikkje post som kjem som vanleg brev i postkassa. Det har ein raftinginstruktør på Voss fått oppleve. Han sende søknad om arbeids- og oppholdsløyve i Norge som vanleg brev, og fekk aldri svar.

Brevet blei nemleg aldri opna. Det blei heller ikkje gitt noko grunn. Her er forslag til grunngjevingar NAV Hordaland kan bruke:

  1. Vi har ikkje tid (til å gjere jobben vår).
  1. Brev kan innehalde FARLEG stoff (pulver), altså mogeleg terrorisme. (NB! Søkaren var mørkhuda.)
  1. Vi har ikkje postkasse.
  1. Vi har folk som ikkje kan lese på papir.
  1. Vi trudde dette var ein spøk, vi toler ikkje spøkefuglar.
  1. Brev, kva er det?

Sjå saka i Bergens Tidende her.

Moralen opp i alt dette som er eigentleg ei veldig trist historie er. Det er veldig ofte slik at at offentlege etater kan gjere veldig slett jobb utan at det får konsekvensar. Hadde ein rørleggar gjort det same, hadde nok han/ho ganske fort måtte gjere eit besøk på, ja nettopp, NAV.

Tjen folket

02.08.2010

© 2011   Tjen folket – kommunistisk forbund