Stadig nye sprell frå Raudt
At Raud Ungdom ikkje klarte å smøre sin eigne brødskiver på siste landsmøte er velkjent for oss i Ten folket. Men at Raudt sine bystyrerepresentantar har problem med å holde sine eigne innlegg er vel meir ukjent for dei fleste.
At det er tøft har Ingeborg Sanner i Stavanger fått erfare. Iallefall gir ho seg etter denne perioden. Ikkje berre har ho måtte halde sine innlegg. Verre er det at ho ikkje har fått vere med i formannskapet.
Ikkje nok med at Raudt satsar på gamal sosialdemokratisk ideologi. men her har barnehagementaliteten fått ein ny dimensjon.
«Får eg ikkje leike med dei store, vil eg ikkje vere med». Og vi som trudde at makta i Stavanger låg hos borgarskapet, og ikkje i formannskapet. Eit lite råd til slutt:
Kanskje Raudt i Stavanger burde starte jobbinga si blant vanlege folk, då blir man ikkje «oversett». Trass alt, massane er dei verkelege heltane. Og så er det veldig «demokratisk».
Tjen folket
17.08.2010