Utrydd kvar einaste jævel!
«Utrydd kvar einaste jævel!» verkar å ha vore mottoet for USAs krig i Vietnam på 1960 og 1970-talet I sommar avdekka nyhendekanalen Al Jazeera etterverknadene av USAs systematiske bruk av napalmbomber. Dette er eit overgrep mot eit heilt folk av verste slag.
I FNs konvensjon om folkemord står det:
I nærværende konvensjon betyr folkemord en hvilken som helst av de følgende handlinger som er begått i den hensikt å ødelegge helt, eller delvis, en nasjonal, etnisk, rasemessig eller religiøs gruppe som sådan: a) å drepe medlemmer av gruppen; b) å forårsake alvorlig legemlig eller sjelelig skade på medlemmer av gruppen; c) bevisst å la gruppen utsettes for levevilkår som tar sikte på å bevirke dens fysiske ødeleggelse helt eller delvis […]
Det har nesten alltid vore slik at folkemord er noko som «dei andre» (les: muslimar og kommunistar) gjer seg skuldig i. Vi i Vesten med våre «bibelske konvensjonar» og liberalistiske idear er feilfrie. Kanskje difor slutta det reine og gudfryktige USA seg til FN-Konvensjonen i 1988. Sovjet slutta seg til allereie i 1952, medan Stalin framleis var i live.
Som kommunistar veit vi betre. Takk til Al Jazeera som har levert solid dokumentasjon. Vi veit at år med bombing gjer noko med mentaliteten til folk. Ein hær av barn og ungdom som veks opp med krigens gru, vil aldri lære å behandle andre med respekt. Det er noko å tenke over når dei såkalla vestlege demokratia terroriserer og bombar eit fattig folk.
- Vi veit og at dei vestlege media var heiagjeng for USA.
- Vi fekk løgnene om at napalm stort sett ikkje blei brukt i Vietnam.
Dei sa at gift ikkje blei sluppe over rismarkene, og at nesten ingen sivile blei drepne. USA si krigføring blei kalla «nærvær», og USA var berre ute etter å redde verda frå kommunismen.
Som kjent blei AKP i si tid skulda for å vere medskuldig i folkemord ved å støtte Kampuchea.
Men kva skal vi kalle alle dei som støtta USA i Vietnam?
I går var det Vietnam, idag er det Irak og Afganistan. To tidsepokar som har ein ting felles. Fine ord skjuler ofte dei verste brotsverk. Vi må ikkje la oss lure av språkbruken – anten orda kjem frå USAs president, eller frå ein SV-statsråd i den norske regjeringa.
Tjen folket
19.08.2010