Gå til meny

Praha 21. august 1968

Vi gløymer aldri Praha

Den 21. august i 1968 invaderte Sovjetunionen «broderlandet» Tsjekkoslovakia. Dette var for mange et av mange bevis på Sovjetunionen ikke lenger var sosialistisk, men imperialistisk. Vi publiserer her en tekst fra 2008, da det var 40 år siden hendelsen.

Førti år sidan den sovjetiske innmarsjen i Tsjekkoslovakia

Natta til den 21.august var det førti år sidan troppar frå Warszawapakten invaderte Tsjekkoslovakia. Denne hendinga prova at Sovjetunionen hadde gått frå å vera ein sosialistisk stat til å bli ei sosialimperialistisk supermakt.

Bakgrunnen for invasjonen var at regjeringa i Praha hadde sett i gong ein forsiktig reformprosess for å gje «sosialismen eit menneskleg andlet» i landet. Dette hadde føregått nokre månader og vart kalla Praha-våren. Etter å ha prøvd å overtala den tsjekkoslovakiske regjeringa til å stogga prosessen, forstod dei øvrege warszawapaktlanda at den einaste utvegen for å halda på det styresettet Moskva ville, var å gjennomføra ein militær invasjon og å slå ned framstøytane på reformar med valdsbruk.

Alle landa i Warszawapakten deltok i dette, sett bort frå Romania. Albania braut no formelt med pakten etter å ha føreteke eit ideologisk brot allereie i 1961. Dei meinte, som me også meiner, at Sovjetunionen etter den 20.partikongressen og Khrusjtsjovs fordømming av Stalin, hadde vorte eit sosialimperialistisk land – eit land som var sosialistisk i ordbruken, men imperialistisk i handling. Landet hadde gått frå å vera sosialistisk under Vladimir Lenin og Josef Stalin til å bli fascistisk og statskapitalistisk under Nikita Khrusjtsjov (1956-64) og Leonid Brezjnev (1964-82).

Sovjetunionen hadde utvikla seg til å bli ei supermakt som kjempa med USA om verdsherredøme og innflytnad på denne tida. Det er også dette som låg til grunnen for invasjonen av Tsjekkoslovakia og den tydinga det hadde vidare for Sovjetunionens tendens til å gripa inn og overstyra dei nasjonale styresmaktene og deira ynske om ein annan politikk for landet sitt. Dei andre statskapitalistiske landa i Sentral- og Aust-Europa var randområde for Sovjetunionen som dei var avhengige av for å ha eit forsvar mot konkurrenten.

Sovjetunionen braut saman i åra 1989 til 1991. Me ser på dette som ein i hovudsak bra ting. Landet var ikkje sosialistisk lenger, men ei supermakt som utgjorde ei fåre for den relative freden. Me ser med undring på at det framleis finst norske politiske miljø som framhever den sosialimperialistiske Sovjetunionen som eit idealsamfunn. Partiet NKP gjer dette, dei same tendensane finst også i dei to ungdomsorganisasjonane som har omtrent det same ideologiske grunnsynet som NKP (for ein stutt analyse av desse organisasjonane, sjå her).

Tjen folket

21.08.2010

© 2011   Tjen folket – kommunistisk forbund