Gå til meny

Undertrykjinga av romfolket tar inga ende.

Fem hundre år med undertrykking var ikkje nok

Rom- og romanifolket si historie er hard og brutal. Dei siste fem hundre åra har stort sett vore prega av brutale møter med regjeringar og kirka.

Desse to beslekta folkeslaga har begge sitt opphav i India, men er idag spreidd over heile verda. Dei høyrer begge til den reisande kulturen. Felles for deira historie er at heilt sidan middelalderen er dei blitt sett på som eit trugsmål mot den herskande klassen og det «ordna» samfunn.

Etter lang tids kamp oppnådde dei ein viss aksept. Men no ser vi tilbakeslag over heile Europa. Ikkje berre i Frankrike, men óg i Tyskland, Sverige og Danmark blir romfolk samla saman og sendt ut til ei uviss framtid.

Først og fremst blir dei sendt til Romania og Bulgaria, land som heller ikkje vil ha dei. Metodane har fascistiske trekk, og minner om jødedeportasjonane under 2. verdskrigen.

Tanken er at dette er menneske som ligg samfunnet til byrde, difor bruker ein tvangstiltak. Men det er ikkje nye tankar. Det føyer seg inn i ein lang historisk tradisjon. Norge har heller ikkje lov til å gråte krokodilletårar. Vår historie er ikkje stort betre.

Her i landet er romanifolket (taterane) dei mest talrike. I perioden frå 1850-1945 blei desse internert i tusental, og barna teke frå dei. Dei blei stempla som åndssvake, og mange blei sterilisert utan å få vite om det.

Handlingar gjort med staten og kristne organisasjonar si velsigning

Organisasjonen «Norsk misjon blant hjemløse» har ein del å svare for her. I denne svarte historia er og 31. mai 1900 ein «milepæl». Då fekk vi lova om «drukkenskap og løsgjengeri».

Dette var ei klasselov som retta seg mot folk utan fast bopel. Fattigfolk generelt og tatere spesielt havna i denne kategorien. Folk blei fengsla og sett til tvangsarbeid dersom dei ikkje hadde fast adresse. Man måtte stue vekk farlege element. Fjern historie, javel, men lova blei først formelt oppheva i 2005. Og i 1973 skreiv Høgre-politikar og seinare statsministar Jan P. Syse i Aftenposten

«Tvangsarbeid burde være ypperlig terapi. Skal vi sikre fremskrittet må vi fjerne det vi kan kalle sanden i maskineriet».

Tvangsarbeid er avskaffa, men det er erstatta med like raffinerte metodar. Utsending til andre land er og ein effekltiv måte å «fjerne sanden i maskineriet». Det er også oppfølging av den herskande tankegangen i Vesten.

Rom- og romanifolk er avvikarar som må bort, meiner styresmaktene i vestlege land. Dette skjer i land som i festtalar og nasjonaldagsmarkeringar kallar seg for humanismens og fridomens heimland.

Skam dykk!!!

Tjen folket

01.09.2010

© 2011   Tjen folket – kommunistisk forbund